
Big Train
Big Train er eit ganske standard, britisk sketsjprogram. I det legg eg at kvaliteten på sketsjane varierer i veldig stor grad. Nokon er morosame, men for lange. Andre er uforståelege. Nokon er faktisk ganske bra. Det er desse siste som gjorde sitt til at eg enda opp med å pløye meg gjennom første sesong. For eg var litt i tvil heilt i starten.
Dessutan er det artig å sjå Simon Pegg og Mark Heap samarbeide tidlegare i karrieren enn Spaced. Begge to er blant mine favorittbritar for tida.
Skodespelarane får òg mykje ros av Jake Godfrey på British Comedy Guide (comedy.co.uk). I tilbakeblikket på begge sesongane trekker han mellom anna fram korleis naturleg replikkføring får absurde situasjonar til å fungere. Han reknar dessutan første episode blant dei aller sterkaste. Eg såg berre første sesong og fann treffprosenten langt meir varierande, men begeistringa for laget kjenner eg igjen. Simon Pegg og Mark Heap var viktige grunnar til at eg heldt fram.
Christopher Morris har hatt ein finger med i spelet under produksjonen av Big Train, men ikkje i så stor grad som han hadde med serien Nathan Barley som fall meir i smak. Eg kan spekulere om det er difor eg tvers over er litt skuffa over Big Train.
