
Björnstad
Serie
3
I denne svenske HBO-serien følger me innbyggarane i ei bygd nord i Sverige, kor hockey står sentralt. Ei alvorleg hending vil prege og splitte bygda, og alvoret er til å ta og føle på. Dette er først og fremst ein stemningstung serie, kor den pressande atmosfæren og uvissa om kva som skjer driv handlinga framover.
Rosemari Södergren på Kulturbloggen (kulturbloggen.com) legg særleg vekt på kor truverdige reaksjonane i bygda er. Ho meiner serien gjer det mogleg å forstå handlingane til menneska utan å vere samd med dei. Det gir eit meir konkret bilete av den pressande atmosfæren. Når framtida til ein heil stad blir knytt til eitt lag, får også lojaliteten ei tyngd som kan bli ubehageleg.
