
Black Mirror
Black Mirror er som ein moderne The Twilight Zone. Med det meiner eg at det er ein serie med nye historier i kvar episode. Serien tek for seg scenario basert på ulik teknologi i ulike tidsperiodar og samfunn. Både i notid, framtid, med eksisterande teknologi og oppdikta.
Det er stor variasjon mellom episodane, der nokon er fantastisk flotte og er med å løfte serien til topps. Mens andre berre er greie nok eller kjedelege. Men felles er at alle episodane har noko dei vil seie. Stort sett negativt, og det er sjeldan eg kan seie meg einig i synet på menneske som Charlie Brooker har med i denne serien, men det er framleis interessante episodar.
Dramaet får større plass i Brian Tallerico sin omtale av sjuande sesong på RogerEbert.com (rogerebert.com). Han meiner serien her seier meir om notida enn framtida, og trekker fram Eulogy som eit sterkt kjensledrama. Det passar med mi interesse for menneska bak teknologien. Eg treng ikkje dele Charlie Brooker sitt dystre syn for å bli gripen av ei god historie.
Har du sansen for science fiction som held seg passe jordnær og legg like mykje vekt på det dramatiske som det teknologiske, så er Black Mirror anbefalt.
