Blackadder - Filmdagbok

Blackadder 1983

Blackadder er ei rekke britiske seriar og kortare filmar om ein nokolunde lik karakter i ulike tidsepokar, spelt av Rowan Atkinson.

I The Black Adder, den første av dei fire seriane som kom ut, møter me Edmund, hertug av Edinburgh. Han er ein slu type som plottar for å kunne overta trona etter sin far, men før sin bror.

Edmund kallar seg seg Black Adder, og har eit lite følge med nokon tåpelege folk rundt seg. Sjølv er han ein feiging. Dette er sjølvsagt fiksjon, men sett til ei faktisk tid med ekte kongelege namn som Henry VII og Richard IV som blir omtalt.

Det er uansett ein gøy serie, og sjølv om ingen av karakteren går an å sympatisere med, så klarar serien å bygge opp ei viss interesse rundt dei.

Blackadder II er ved sidan av Blackadder Goes Forth min favoritt blant dei fire seriane som kom ut om Blackadder.

I denne serien spelar igjen Rowan Atkinson Edmund Blackadder, som denne gongen har ei handling lagt til andre halvdel av 1500-talet. Då Dronning Elizabeth I regjerte.

Han prøver å vinne gunst hjå dronninga, og samtidig unngå å bli halshogd. Kanskje er dette ein historisk sak, at Elizabeth fekk mange avretta, men det er ingen behov for historisk kunnskap for å la seg underhalda av å sjå Edmund manøvrere seg på kanten mellom smiskete og unnvikande.

Det er det vittige spelet og dei mange sære karakterane som gjer Blackadder II til ei eiga greie, og får meg til å fatte interesse.

I Black Adder the Third spelar Rowan Atkinson Edmund Blackadder, hovmeisteren til ein prins. Prinsen blir spelt av Hugh Laurie.

Perioden for denne tredje Blackadder-serien er den såkalla regentperioden, eller Regency Era. Ei tid da prinsen som seinare blir Kong Georg IV regjerte som prinsregent.

Prinsen er ein idiot, og Edmund Blackadder er ikkje mykje smartare, og heller ikkje heldig. Blackadder er ein tidlegare aristokrat, men er no ein kynisk og bitter hovmeister. Det er den vanlege rolla hans på tvers av dei ulike seriane, og eit morosamt skode. Ikkje min favoritt blant alt av Blackadder, men uansett underhaldande.

Den fjerde og siste Blackadder-serien er Blackadder Goes Forth, og har lagt handlinga til første verdskrig.

Fleire av dei vante skodespelarane dukkar opp igjen, som Rowan Atkinson, Stephen Fry og Hugh Laurie.

Denne fjerde serien er så god som Blackadder blir. Her blir dei dystre sidene til krigen blanda med gode karakterar, og ein mørk, merkbar og sentral dose humor.

Sjølv om eg likte dei første to seriane godt, og den tredje heilt greitt, så er nok det denne som blir min favoritt om eg skal samanlikne alle.

På elegant vis klarar serien å lage humor utan å trivialisere krigen. Og dette står det respekt av. Det viser at du ikkje trenger å gjere narr av noko for å ha moro med det.