Hopp til hovedinnhold
Plakat for Blodsoffer (2026)

Blodsoffer

Serie
3

Blodsoffer er ein svensk politiserie. Sjølv om eg er litt gniten på rangeringa mi, så er han spennande.

Thomas Berg (Jakob Oftebro) får det vanskelegaste oppdraget med å finne og fange ein hensynslaus seriemordaren som tek sikte på politikollegane hans. Han får omtrent ingen ressursar til dette, og er nøydd til å oppsøke hjelp hjå faren sin, ein tidlegare politimann.

Jakob Oftebro er tydeleg komfortabel i svenske seriar. Som Thomas Berg er han kanskje ikkje den mest populære blant alle kollegaer, sidan han har stige i gradene utan å ha jobba operasjonelt sjølv.

Alfred, faren til Thomas Berg, er kanskje mannen som bidreg til å gi serien ein unik dynamikk. Han er ein mann utan hemningar. Han har mista jobben tidlegare, og er ein passe irritert type. Relasjonen mellom Thomas og Alfred er midt på treet på sitt beste.

Eg tykker at dei fem episodane fungerer godt, og at serien held eit passe høgt tempo. Der er ikkje alle einige. Karina Adelgaard hjå Heaven of Horror (heavenofhorror.dk) meiner at historia heller burde vore fortald som ein spelefilm, og at serien ikkje klarer å halde på spenninga gjennom alle episodane.

Fem episodar gjekk unna.