Bloodline - Filmdagbok

Bloodline 2015

Ein serie eg visste lite om på førehand, og dermed hadde null forventningar til, var BloodlineNetflix. Dette er serien om ein familie med fire vaksne barn ein stad i Florida.

I det familiens svart får vender tilbake, den eine av dei fire søskena, kjem ei ikkje så altfor lys fortid opp igjen til dagen. Suspekte karakterar, løyndommar og eit fuktig, pressande klima går som fot i hose, og gjer Bloodline til ein av dei betre nye seriane i 2015.

Eg gler meg altså godt over dette, som etter ein sesong er det beste eg har sett frå Netflix. Ei anbefaling er lett å gi etter første sesong.

Etter kva denne serien leverte av ein godt samansett første sesong, som gradvis skrapar vekk lag på lag av den dystre fortida, var det også med ekstra spenning eg så fram til andre sesong.

Andre sesong er ei forlenging av dette og held trykket nokolunde oppe. Det er ikkje ei gjentaking i verken oppbygging eller struktur, men kjerneelementa er nokon av dei same. Nye personar blir introdusert, så serien framleis kan trekke trådane tilbake til den dystre fortida. Samtidig står problema i kø for familien, som er på randen av stupet heile sesongen.

Eg får ikkje den heilt same gode seriekjensla av andre sesong, noko som både har med forventningar og det faktum at serien ikkje lenger er ny. Elles må eg vel si han leverer varene godt nok til å framleis rangere Bloodline høgt.

I tredje sesong merkar eg derimot at det er nok. Det er heilt greitt, men det er ikkje så bra som det var då eg slo fast at serien var ein av dei beste i 2015.