Blue Mountain State - Filmdagbok

Blue Mountain State 2010

Min interesse for collegehumor tar meg innom mykje rart. Blue Mountain State er blant det frekkare, sjølv om det er innanfor sensurgrensene til vanleg amerikansk tv.

Dette er ein serie om festing og amerikansk fotball, men dryge vitsar og dumme karakterar. Det er akkurat nok karakterbygging til å ikkje bli fullstendig uinteressant. Og med rammene til sensur på tv blir det heller ikkje for grafisk vulgært. Med tanke på at det skal vere humor er det ein fordel.

Eg lo godt ei stund av dette, hovudsakleg i to første sesongar. Den tredje sesongen er unødvendig, og vart meir som eit pliktløp enn noko anna. Det har nok med at dette er ein passe hendingslaus serie, og at eg så dei to første sesongane samanhengande og dermed kom inn i ein god flyt. Mens den siste gav meir rom for ettertanke, eit dårleg utgangspunkt i ein serie som Blue Mountain State.