Boardwalk Empire - Filmdagbok

Boardwalk Empire 2010

Boardwalk Empire av HBO er eit krimdrama sett til forbodstida i USA. Det er ein påkosta serie med fem gode sesongar, som handlar om ein slags gangster i Atlantic City, Nucky Thompson (Steve Buscemi).

Omgangskrinsen hans består av historiske personar frå samtida som er 1920-talet, blant andre Al Capone. Men er utover dette sannsynlegvis mest oppdikta. Eg har ikkje sett meg inn i det. Og sjølv om eg likte serien, så gjekk aldri interessa min innpå eventuelle tilknytingar til dokumentert historie.

Over ein periode på fem år og nesten 60 episodar er det plass til mange store historier. Stort sett er desse bygd opp frå start til slutt i enkelte sesongar, mens ein ny sesong berre tar med seg små ting frå førre. Dei to første sesongane var smått trege, men likevel gode. I tredje sesong tok det seg opp litt, og eg synst det å sjå episodane derifrå og ut gjekk lettare.

Likevel om me snakkar om ein god serie her, kjem anbefalinga mi med atterhald om at det finst betre. Til det manglar det litt for å involvere meg i karakterane, noko som er utslagsgivande for min del.