Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bodyguard (2018)

Bodyguard

Serie
4

Bodyguard er ein BBC-produsert serie på hittil seks episodar, som Netflix distribuerer utanfor Storbritannia og Irland. Serien handlar om ein tidlegare soldat som no er tilsett som livvakt gjennom politiet. David Budd som han heiter, slit med posttraumatisk stressyndrom, men blir likevel tilsett som livvakt for ein høgt profilert politikar grunna ei heroisk bragd i å stoppe ei terrorismehandling på eit tog.

Utan å røpe for mykje av handlinga, då det er mange og gode detaljar som gjer denne thrilleren spennande, skal eg kort oppsummere. Det handlar om terrorisme, konspirasjonar, politikk og forhold. Alt samanfatta til ein verkeleg god samanheng på seks episodar, som byr på både overraskingar og situasjonar som gjer meg som sjåar til aktiv deltakar. Med det meiner eg at mykje blir uvisst av årsakene til hendingane i serien, og dette set hjerneaktiviteten i gong.

Det uvisse er òg ein viktig del av begeistringa til What Kate Watched (whatkatewatched.wordpress.com). Omtalen rosar vendingane og kontakten med karakterane, men meiner enkelte trådar blir avslutta for tidleg. Eg opplever den samla historia som meir heilskapleg. Likevel er det nettopp kjensla av at noko kan ha gått meg hus forbi, som gjer det så spennande å følge med.

Skodespelet er ingenting å utsette noko på. Stemninga er vedvarande pressande, og spenningsnivået høgt i store delar av serien. Musikk- og lydbruken er mykje av årsaka til det.