Hopp til hovedinnhold
Plakat for Boligkjøp i blinde (2023)

Boligkjøp i blinde

Serie
3

Boligkjøp i blinde er ein typisk oppussings- og bustadserie, men med ein vri. Her overlet deltakarane heile bustadkjøpet til programmet, og først etterpå får dei vite kvar dei skal bu. Det gir grobotn for både sterke reaksjonar og tøffe prioriteringar, for økonomien set grenser, og ikkje alle får draumehuset sitt.

Serien har korte sesongar og er lett å følge med på. Oppbygginga er til tider dramatisk, med mykje effektar og spenning som kanskje ikkje heilt står til det som faktisk skjer, men det er til å leve med. Det mest interessante er dei økonomiske vurderingane og korleis folk handterer det å måtte gi slepp på visse ønsker. I blant treff det, i blant blir det skuffande, og det er då det blir mest engasjerande.