Bør de gifte seg - Filmdagbok

Bør de gifte seg 2014

Bør de gifte seg er ein serie frå NRK. I kvart program blir eit par sett på prøve. Eit ekspertpanel skal snakke med paret og gi dei nokre oppgåver. Ut frå dette skal paret finne ut om dei har ei framtid.

I løpet av to sesongar møter me par av alle aldrar. Det er par som har vore i lag i mange år. Og det er par som er ferske.

Dette er eit interessant program som manar til eigne refleksjonar. Med hjelp av produksjonen får ulike par moglegheita til å ta tak i seg sjølv, noko som dei ikkje har fått til på eiga hand.

Her er ikkje programmet ute etter å skape drama, men heller forståing. Det er redigert saman slik at me skal lure på kva som skjer til slutt, og det er ein god motivasjon til å sjå vidare på det.