Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bored to Death (2009)

Bored to Death

Serie
4

HBO-serien Bored to Death er eit stjernespekka skode om ein forfattar som lev eit dobbeltliv og latar som han er privatetterforskar.

Jason Schwartzman, Zach Galifianakis og Ted Danson har sentrale roller i serien, og er alle morosame skodespelarar på kvar sin måte. Desse går godt i lag under regi av den kreative Jonathan Ames.

Serien handlar om liva til karakterane spela av desse skodespelarane. Om deira daglege trøbbel og med innslag av spesielle situasjonar dei hamner oppi i lag. Det blir gode episodar på rekke og rad, med ein fin miks av komedie, krim og mysterium. Kor nye ting skjer heile tida.

Jonathan Poritsky er langt mindre begeistra for piloten på The Candler Blog (candlerblog.com). Han finn glimt av vidd i det klønete detektivarbeidet, men saknar eit interessant nok liv rundt hovudpersonen til å bere ideen. Eg har meir glede av blandinga. For meg er det nettopp vekslinga mellom vanlege problem og merkelege oppdrag, saman med samspelet i gjengen, som gir serien liv.