Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bottom (1991)

Bottom

Serie
3

Eddie og Richie er romkameratar og arbeidslause, og bruker dagane på å øydelegge ting og vere patetiske, i forsøk på å ha det bra.

Bak serien står komedieduoen Adrian Edmondson og Rik Mayall, som både er kjappe med replikkane, gjer dristige stunt og spelar på eit breitt spekter av uttrykk.

Kjenneteiknet til serien blir den patetiske og dramatiske oppførsla til Richie, tullete påfunn i fylla av Eddie og mengder av vald og hasardiøse scener.

Stort sett alle episodane byr på ville hendingar og god humor, men stort sett alle episodane endar opp med å bli langdryge også. Så eg er rimeleg trygg når eg vurderer heile serien som grei, med innspel av nokre hysteriske innslag.

Brian Slade på Television Heaven (televisionheaven.co.uk) meiner den valdsame slapsticken fungerer fordi replikkane og dei mislykka personane gir henne ein samanheng. Det er eit godt poeng om kvifor Rik Mayall og Adrian Edmondson får så mykje ut av det patetiske. Eg likar dei ville utslaga, men dei same trekka kan også gjere episodane lange. Eit hysterisk innslag er ikkje alltid nok til å halde resten like morosamt.