
Boy Swallows Universe
Det startar som ein interessant serie. Boy Swallows Universe har mange spesielle innslag av karakterar, miljø og fantasifulle tankar.
Ein ung gut med ein taus eldre bror bur med mora og kjærasten hennar. Kjærasten til mora handlar i narkotika. Og eg tenkte at dette er nok ein serie om dette tema, som stadig vekk dukkar opp. Og korleis dette vil tynge historia.
Men etter nokre episodar så set serien seg godt. Og i staden frå å vere eit interessant utgangspunkt som dabbar av, så blir Boy Swallows Universe betre på å formidle karakterane sine og det som skjer rundt dei. Det skin kanskje gjennom at eg ikkje hadde dei høgaste forventingane.
Men at det går oppover og eigentleg avsluttar på topp er ganske så kjekt. Ikkje alle historiar passar serieformatat, og mykje renn vekk i sanden. Spesielt seriane som berre har ein enkelt god ide dei forsøker å dra ut i tid.
Men Boy Swallows Universe har mange gode idear, og brukar heile vegen karakterane sine som den viktigaste ingrediensen.
Skodespelet kan halde ei stor historie samla. Zepp Jamieson på Zepp Jamieson’s Fiction (zeppjamiesonfiction.com) meiner at serien er verd å sjå for prestasjonane og det tydeleg australske preget, sjølv om han synest handlinga er meir ordinær. Eg er meir begeistra for ideane og utviklinga undervegs, men kjenner att verdien han legg i menneska. Det er dei som gjer at dette blir meir enn endå ei historie om narkotika og vald.
