Breaking Bad - Filmdagbok

Breaking Bad 2008

Det er det beste av det beste som er det verste å oppsummere. Det er lite å sette fingeren på, og skryt kan ofte framstå som tomt.

Men det er på sin plass å skryte av Breaking Bad. For få seriar har stadig levert varene, sesong etter sesong. Breaking Bad har i tillegg hatt lange pausar, oppdelte sesongar, og ekstra venting har gitt større forventningar.

Breaking Bad har utvikla seg, både karakterane og tyngdepunktet i handlinga har endra seg over tid. I løpet av fem sesongar har me følgt Walt White gjennom ei historie med ein start, ein midt og ein slutt. Ingenting eller lite har vore hinder på vegen. Men så har også vegen vore viktigare enn målet, og historiene undervegs har vore ein serie verdig med god sjangerblanding.

På toppen har me hatt antihelten sjølv, Walt. Ein person me har følgt tett, men som med vinklinga på serien alltid har heldt oss nok på avstand til å bli nysgjerrig. Den fine balansen i å gi sjåaren nok, men holde litt tilbake, er gull. Og når serien deretter gir noko nytt som er minst like bra som førre gang, så er det nydeleg at det går i fem sesongar.