
Serie
Brødrene Dal og Spektralsteinene
Då eg som barn såg Brødrene Dal og spektralsteinene tykte eg at det var ein skummel serie. Episoden kor dei er i huset til ei gammal dame med eit hemmeleg rom bak eit måleri, er brent fast i minnet.
Serien tar Brødrene Dal på ei reise i tid og rom. Ved hjelp av ei tidsmaskin og nokon steinar som passar i eit hjul, blir dei tatt hit og dit på sine humoristiske eventyr. Dei møter oppdikta versjonar og variantar av historiske personar, og er vitne til opphavet bak blant anna Suezkanalen, fortalt på heilt feil vis for humoristisk effekt.