
Californication
Californication med David Duchovny i spissen har briljert på amerikanske Showtime sidan 2007, men har no blitt avslutta etter sju hyperaktive sesongar.
Serien handlar kort fortalt om ein forfattar som med barn sitt og mora til barnet flyttar frå New York til Los Angeles. Han hadde stor suksess med ei bok nokon år i forvegen, men har ikkje skrive på ei stund. Han er også i overkant glad i alkohol og damer, og røyker som ein skorstein. Men er i grunn ein kar som er lett å like likevel.
I løpet av sju sesongar er det av og på med mora til barnet, nye prosjekt og mengder med personlege katastrofar. Serien er mildt sagt av det dryge slaget, med banning, utruskap, sex, narkotika, alkohol, og så vidare. Det er ofte på kanten, men stort sett alltid humoristisk.
Kvar sesong består av tolv episodar på i underkant av ein halvtime. Dei fleste sesongane såg eg på ståande fot, for når eg først var i gang med Californication gjekk det unna. Innhaldet er lett, tempoet høgt og det skjer akkurat nok til at eg vil ha meir.
Etter ei stund gir strengt tatt ikkje serien så mykje nytt, og det er greit at det blir sju sesongar og ikkje fleire. Og sjølv om eg vil anta at dei første sesongane var best, så synest eg også serien har halde seg godt. Tidlegare såg eg kvar sesong i eit køyr, men siste sesong så eg fordelt over åtte veker, og kan stadfeste at serien heldt godt da også.
Dei siste sesongane verkar meir påtvinga for Eddie Siqueira på Fanboys Anonymous (fanboysanonymous.com) enn dei gjer for meg. Han saknar noko av given frå dei fire første, men meiner sjølve avsluttinga finn tilbake til kjenslene som gjorde serien verdt å følge. Eg er meir nøgd med heilskapen. Det kjem ikkje så mykje nytt, men tempoet og den grove humoren held fram med å gjere dette lett å sluke.
Det kan bli sagt mykje om påfunna til Hank Moodys (David Duchovn), og minst like mykje om dei andre karakterane i serien. Men der serien kjem mest til rette er å nemne det som den perfekte serien å sjå, dersom du er på jakt etter lett og grov humor. Det fungerer frå start til slutt, og sju sesongar er ikkje overveldande med 12 episodar kvar.
