Caprica er ein avspinnar frå Battlestar Galactica. Han går føre seg om lag 60 år tidlegare enn Battlestar Galactica i same univers, og har skapinga av dei første cylons og oppbygginga til deira opprør som tema. Serien er litt mindre science fiction og litt meir retta mot religion enn moderserien.
Caprica har sine augneblink, men er nok mest interessant som bakgrunnsinformasjon og fyll til Battlestar Galactica. Det blir mykje repetisjon av dei same samtalane utover i serien, og den avgrensa framdrifta gjer at lysta til å sjå neste episode heller er liten. Då dette førte til at eg brukte lang tid på å sjå meg gjennom den einaste sesongen av Caprica, kom serien aldri under huda på meg.
Battlestar Galactica var ein god serie av mange årsaker. Han forkledde seg som ein hardbarka science fiction-serie og hadde detaljane som gjorde han nerdete med frak og FTL-jumps, men leverte sånn passe realistiske scenario og attkjennelege tema i sitt fantastiske univers og blei såleis tilgjengeleg for dei utan science fiction-interesse.
Den gode balansen er fråverande i Caprica, kanskje fordi han prøver å blande så mange store tema som åleine hadde fortent meir merksemd. Det heile blir eit produkt av potensiale, som ikkje blir realisert og som framstår som rotete tullprat.
Så i staden for å kaste bort tid på denne serien, kan du heller gjere tilværet rikare med klassisk norsk science fiction som Blindpassasjer, Joss Whedon og kvalitet i Firefly eller fiffig animasjon i Futurama. For alt eg veit kan både Stargate og Babylon 5 vere betre univers å utforske enn det som utfoldar seg i Caprica, men det er ikkje seriar eg har kjennskap til.