Castle Rock - Filmdagbok

Castle Rock 2018

Castle Rock byrja i 2018 og har gått i to sesongar på Hulu. I Noreg har serien vore å finne på HBO Nordic. Dette er ein serie som har henta karakterar, inspirasjon og deler av historia frå det litterære arbeidet til Stephen King.

Dei to sesongane fortel to ulike historier, som begge er lagt til ein småby som heiter Castle Rock. Det finst ei kobling som me blir kjent med etter kvart, men undervegs er dette i stor grad som to ulike seriar å sjå på.

Eg sløyfer oppsummeringar av handlingane her. Det eg kan sei er at eg likar utføringa av serien, og første sesong står att som ein god serie og god sesong på eiga hand. Han har ei byrjing, ein midtdel og ein slutt, og du kan gi deg med serien etter å ha sett han. Åleine vil eg rangere første sesong til 4/5.

Andre sesong er også god, men heng ikkje så godt saman. Det er alltid interessant. Men serien tar ei retning som han strevar febrilsk i siste episode med å vende i ei anna retning igjen. Dette trekk ned totalen. Åleine vil eg rangere andre sesong til 3/5.

Stephen King er opphav til så mangt. På filmfronten er kvaliteten av adapasjonane varierande. Castle Rock er blant det betre, men tar seg også store fridomar med materiale. Eg vel å tru at om du har sansen for Stephen King, så kan dette falle i smak. Det gjorde det iallfall hjå meg.