Strøymetenesta Hulu har som mange andre reine internettenester starta å tilby eigne seriar. Hulu er store i USA, og stakk blant anna i ein bodrunde i 2015 av med retten til å sende Seinfeld. Og utan å gå for mykje inn på det, så er det attpåtil den opphavlege tv-versjonen av Seinfeld som blir vist, i motsetnad til andre utgåver av Seinfeld som er sendt på tv dei siste årene.
Casual er ein komedie som kom i 2015. I hovudroller er etablerte skodespelarar som Michaela Watkins og Tommy Dewey. Det handlar om dei to, eit søskenpar, som bur i lag etter at søstera nyleg har skilt seg. Ho har med seg dottera si. Dette er ein typisk dysfunksjonell familiekomedie etter dagens standard. Stemningsmessig føyer han seg inn blant seriar som Transparent og Togetherness, men gir seg ikkje ut for å vere ein serie som skal stikke så altfor djupt. Og så er han endå frekkare med sin komedie.
Eg får meir sansen for dette enn nemnte Transparent. Dette er ledigare og meir underhaldande, og har ein betre flyt som gjer serien meir sjåarvennleg i større dosar. Sånn sett er det ei urettferdig samanlikning, då Transparent strengt tatt prøver på noko anna og lukkast med det. Poenget er å plassere Casual blant både dei lette komediane, og dei med drama og karakterbygging nok til å gi serien eit meir solid preg.
Sesongane har gått kjapt. Undervegs skulle eg gjerne hatt meir Casual enn det som kom ut. Det er ei god greie. På slutten av serien var eg framleis involvert, men samtidig var det greitt at serien gav seg etter fire gode sesongar.