Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cat Watch 2014: The New Horizon Experiment (2014)

Cat Watch 2014: The New Horizon Experiment

Serie
3

Cat Watch 2014: The New Horizon Experiment, eller Cats Undercovered som serien også blir kalla, er ein BBC-serie på tre episodar om eit britisk forskingsprosjekt på kattar. I løpet av desse tre episodane får me vite om atferd, biologi og sosiale aspekt ved kattar i tre ulike miljø: By, tettbygd strøk og gard.

Det er ein del interessante ting som blir utforska her. Og det er mange fine bilder. Til å vere tre timar med tv skulle det ha vore meir innhald, og sjølv om ein del nok har blitt stadfesta i dette studiet, så saknar eg meir. Det er artig å sjå på, men blir ikkje heilt topp.

Marina Vaizey er meir begeistra på The Arts Desk (theartsdesk.com). I meldinga av opningsepisoden rosar ho at programmet utforskar verda frå katten sitt perspektiv, med lite menneskeleggering av dyra. Det er òg noko av det interessante for meg. Eg skulle berre ønske at serien samla gav fleire slike innblikk, slik at innhaldet stod betre i forhold til dei tre timane.