Channel Zero - Filmdagbok

Channel Zero 2016

SyFy-serien Channel Zero er ein serie av variabel kvalitet. Dei fire sesongane han består av, fortel kvar sin historie. Og med ny sesong og ny historie, følger nye skodespelarar.

Første sesong handlar om ein barnepsykolog som kjem tilbake til heimstaden sin. Han vil finne ut om forsvinninga til broren som skjedde som barn, er kopla til ei rekke liknande og skrudde hendingar som skjedde på tida. Og om hendingane heng saman med ein bisarr barne-tv-serie som gjekk på tv.

Sesongen er basert på ein interessant ide, og det er noko spenning og nesten litt skummelt. Men lenge før dei totalt seks episodane er nådd, har eg blitt metta på informasjon. Mystikken blir dermed fort borte. Og serien går vidare til å bli meir rar enn mystisk. Slik sesongoppbygging består også dei seinare sesongane av. Det er ein av årsakene til at Channel Zero aldri når toppen. Vurdert åleine ville eg nok gitt første sesong 3/5.

Andre sesong handlar om eit mystisk hus som dukkar opp ut av det blå. Ei ung kvinne og vennene hennar, i tillegg til mange andre folk, oppsøker huset. Huset byr på ei utfordring, som er å gå gjennom ei rekke rom med skremmande og personlege opplevingar. Målet er å gå gjennom alle romma.

Den andre sesongen er langt svakare enn først. Ideen er i utgangspunktet god, men allereie i første episode har eg fått vite for mykje. Og med det blir mystikken og mykje av spenninga død. Ein svakare sesong betyr 2/5, og trekk dermed totalopplevinga av Channel Zero ned.

Tredje sesong handlar om ei kvinne som flyttar til ein by prega av mange forsvinningar. Ho leitar etter svar, og koplar forsvinningane til eit gammalt rykte som involverer kannibalisme. Og på toppen av dette blir det ein dose surrealisme.

Dette må seiast å vere nok ein svak sesong. Det som prøver å vere skummelt, er ikkje stort meir enn grufulle og grafiske framsyningar. Det varer i seks episodar, noko som er fem episodar for mykje. Vurdert åleine blir dette 2/5.

Fjerde sesong handlar om dei nygifte Jillian og Tom, som begge har teke med nok hemmelegheiter inn i ekteskapet. Dei har nyleg flytta inn i eit nytt hus, og oppdagar ei spesiell dør i kjellaren som først ikkje vil late seg opne. Men når dei endeleg kjem seg inn, så er det noko rart som kjem seg ut.

Den fjerde sesongen er den siste sesongen i serien, som nyleg har blitt stadfesta som avslutta. Det tek seg opp igjen til ein 3/5, utan at det hjelp på den totale serievurderinga. Historia i fjerde sesong er interessant nok til at Channel Zero-forteljargrepet med å avsløre for mykje for tidleg, blir for øydeleggjande. Eg får også gradvis sansen for måten mykje av sesongen er filma på, og den litt amatørmessige bakgrunnsmusikken.

Kan eg anbefale Channel Zero? Nei, til det er serien for ujamn. Men om eg skal trekke fram ein av sesongane som ikkje er heilt på bærtur, så er det fjerde og siste sesong. Kanskje går også første sesong an, men han har ikkje heilt det same tempoet eller flyten. Andre og tredje sesong er det berre å styre unna.