Hopp til hovedinnhold
Plakat for Chickens (2013)

Chickens

Serie
3

Tre menn er dei einaste unge mennene i ei engelsk bygd som ikkje har dratt i krigen. Såleis blir dei utstøytt av kvinnene som feigingar og det som verre er. I løpet ein kort sesong følger me desse i tullete hendingar.

Chickens er ikkje det heilt store. Men på grunn av det er ein kort serie med korte episodar er det heilt greitt å sjå seg gjennom. Enkelte innslag er artige og absurde, sjølv om mesteparten på sitt beste er greitt.

Min kjennskap til skodespelarane Simon Bird og Joe Thomas gjennom seriar som The Inbetweeners og Fresh Meat tilfører litt humor gjennom assosiasjon, men ligg eit stykke lengre nede på lista i samanlikning.

Kjemien mellom dei tre hovudpersonane blir framheva på Time Out (timeout.com), som i omtalen av andre episode meiner serien gir lett og tullete avkopling utan å sette særleg djupe spor. Det er ei skildring som passar godt med mi oppleving av serien. Eg får noko att for skodespelarane og dei absurde innslaga, men sjeldan nok til å gjere dette til meir enn ei grei lita stund.