Claudia O'Doherty Comedy Blaps er ein kort liten serie med Claudia O'Doherty som spelar ein slags versjon av seg sjølv, som tilreisande til England frå Australia. Ho er der for å lage videoar om England på vegne av reisebyrået til familien sin, og dei tre episodane serien består av er om tre britiske tema.
Dette er gjennomført på ein delvis seriøs måte, men er sjølvsagt berre tull. Claudia O'Doherty gir seg ut for å vere betre enn alle rundt seg, og unnskylder seg med det ho driver med, som ho eigentleg ikkje er flink til heller. Samtidig som ho prøver å selje seg som skodespelar.
Alt er berre tillaga, og har ein snev av humor i seg. Det som fungerer best er Claudia O'Doherty sitt skodespel og hennar formidling av komedien. Vitsane til serien er ikkje alltid like gode.
Det var med bakgrunn i framferda til Claudia O'Doherty i Netflix-serien Love at eg kom over denne. Og eg vil heller anbefale Love enn Claudia O'Doherty Comedy Blaps.