Hopp til hovedinnhold
Plakat for Collateral (2018)

Collateral

Serie
3

Eg kan vere i overkant generøs når eg rangerer seriar. Nokon seriar har gode toppar, men legg seg elles på eit lågt nivå. Men det er verdt å vise til toppane i blant. Eg har vanskar med å finne dei største positive tinga å seie om Collateral.

Første episode set eg pris på. Eg blei imponert av skodespelet og kvalitetane i produskjonen. Men det kom til kort på andre ting. Likevel heldt eg fram og fekk ein god flyt. Forventingane eg hadde til serien blei ikkje innfridd, men det er ein kort serie med god krim.

I blant var det for mykje styr og serien prøvde å vere lur, utan å lykkast. Men historia er fin og interessant på eit overordna nivå. Det skal ikkje mykje til for å bli betre, men det blir med ei rangering cirka litt over midt på treet.

Ambisjonane er større enn resultatet også for Ankita Chawla på Scroll.in (scroll.in). Ho rosar Carey Mulligan og finn fleire interessante historier, men meiner at serien prøver å romme for mykje utan å følge alle trådane godt nok opp. Det liknar mi oppleving av eit lovande utgangspunkt som ikkje heilt innfrir. Godt skodespel og ei interessant hovudhistorie ber eit stykke, men ikkje heile vegen.