Comedians in Cars Getting Coffee er ein hybrid mellom eit talkshow, hobbyprosjekt, serie laga for internett og program om bilar. Jerry Seinfeld inviterer kjente folk ut, stort sett komikarar, på biltur og ein kopp med kaffi.
Episodane varierer i lengde ut frå materiale han meiner er godt om kvar enkelt gjest. Nokon episodar er verkeleg bra, andre er på kanten til kjedeleg. Det er mykje variasjon i løpet av dei førebels åtte sesongane til serien.
Det er dei svake, men heldigvis sjeldne episodane som gir utslag når eg ikkje vurderer dette som det beste av det beste. Som for eksempel avgjersla om å la Barack Obama bli med. For utanom dette valet er Jerry Seinfeld ein person eg stort sett har respekt for, og mange av gjestene er blant dei mest karismatiske og artige underhaldarane i dag.