
Community
Viss eg skal oppsummere Community med få ord, så er det at serien lei same skjebne som så mange andre seriar som ein gong var favorittar. Det starta som ein svært god og særeigen serie, men gjekk etter kvart over til å bli greit nok.
Skiljet mellom dei gode episodane og dei greie gjekk ved fjerde sesong. Omtrent når serieskaparen Dan Harmon trådde av som showrunner. Men før dette leverte serien ei blanding av emosjonelt ladd komedie og populærkulturelle referansar, gjerne forkledd. Så kanskje i større grad inspirasjon.
I ettertid av skiftet forsvann gnisten. Det blei meir påtrengande referering, dramaet var spelt ut og enkelte vitsar var oppbrukt, men blei framleis brukt. At Chevy Chase forsvann etter kvart, og også Donald Glover, stadfesta på sett og vis at det beste var over.
Omtalen av fjerde sesong på Mike’s Masterpieces in the Making (cormacmichael.wordpress.com) peikar på mykje av det same. Skribenten meiner serien kopierer kjende grep og replikkar, men mistar nyansane som gav dei meining før. Det er eit godt skilje mellom å kjenne igjen ein favoritt og å få ei ny god oppleving med han. For meg var det nettopp blandinga av kjensler og uventa påfunn som gjorde dei tidlege episodane så gode.
Men for å hoppe tilbake til det positive. Variasjonen av stilen og dei spennande episodane, med stereotypiske karakterar, gjerne for høgtidelege, for dumme eller med Abeds (Danny Pudi) innsikt i tilværet som tv-karakter. Alt dette var lenge grunnlaget for ein til å byrje med svært morosam og underhaldande serie.
