Cougar Town - Filmdagbok

Cougar Town 2009

Bak Cougar Town står blant anna mannen som i si tid laga Scrubs, Bill Lawrence. Det var dette som gjorde meg merksam på serien, og ikkje den snodige tittelen, som forresten burde ha vore tittelen på maks ein av episodane.

Det handlar om Jules (Courteney Cox), hennar familie og nærast venner, som til dagleg brukar mykje tid på tull og endå meir tid på å drikke vin. Humoren er bygd på spesielle og gjerne irrasjonale karakterar, og dei enkle og sprø tinga som skjer i livet deira. Som i ein vanleg komedie, men med eit Bill Lawrence-preg.

Cougar Town er av typen serie som aldri prøver å bli meir enn han burde vere. Det betyr at det ikkje er for store og dramatiske historiearkar, men at kvaliteten og intensiteten held seg stabil. Sånn sett varierer serien lite frå sesong til sesong, men held seg som det eg blei interessert når han var ny. Serien er ein av dei som har skifta tv-kanal i løpet av si tid på skjermen, frå ein stor og kjent til ein litt mindre kjent, utan at det heller førte til ei endring i kvaliteten.

Og er det ein ting eg set pris på, så er det ein serien som kan levere godt heile vegen. Nesten betre enn ein serie som leverer veldig godt ei stund, og berre middelmåtig resten.