Coupling - Filmdagbok

Coupling 2000

Coupling er ein britisk situasjonskomedie som gjekk i fire omgangar på BBC. Som tittelen tyder på så handlar dette om par, om stemnemøte, sex, og konfliktar mellom seks venner i slutten av 20-åra.

Eit av kjenneteikna til serien er kryssklipping mellom samtalar mellom dei tre mennene og dei tre kvinnene, der dei snakkar om same sak, men med helt ulikt meiningar.

Dette er blant det meir engasjerande og betre av enklare britisk komedie eg har sett. Eg ser på ofte situasjonskomedie som noko enklare, men sanninga er vel at dette også må vere skrive bra. Så eg tar høgde for det i mitt fråsegn.

Dei fire sesongane til Coupling går for unna, og eg skulle ønske det var meir. Dette kjennest berre som ein smakebit, og i talet på episodar er det berre litt i overkant av ein typisk amerikansk situasjonskomedie. Som ville ha gått i langt fleire sesongar om han var like god som dette.