Hopp til hovedinnhold
Plakat for Crisis in Six Scenes (2016)

Crisis in Six Scenes

Serie
3

Etter ei over 50 år lang karriere som filmregissør er Crisis in Six Scenes den første produksjonen til Woody Allen som serieskapar. Dette er ei Amazon-lansering på seks episodar, kor Woody Allen blant anna spelar mot Miley Cyrus.

Eg visste ikkje kva eg skulle forvente av denne serien. Detaljane var få, og lanseringsdatoen var lenge ukjent. Dei siste års filmar frå Woody Allen har stort sett vore gode, men å førestille meg ei historie dratt ut i tid var vrient.

Crisis in Six Scenes er verken fugl eller fisk. Det er ei kurant historie, med sine høgdepunkt og daudpunkt. Det heile kjennest litt for langt, men eg likar rollegalleriet. Woody Allen er trass i sine 81 år ein sprek fyr, som likevel har innsett sin avgrensingane alderen har dei siste par tiåra, og stort sett skrive sin person inn i yngre karakterar.

Den ujamne kvaliteten blir også trekt fram på The Back Row (the-back-row.com). Skribenten finn mykje å le av i den nervøse Woody Allen-figuren, men meiner at fleire samtalar og framføringar dreg energien ned. Eg likar rollegalleriet betre, utan at eg opplever serien som særleg samanhengande. Dei gode stundene er ikkje nok til å fjerne kjensla av at historia blir strekt litt for langt.

Kva som er den eigentlege stemma og intensjonen til Crisis in Six Scenes, er vanskeleg å sette fingeren på. Serien verkar mest å vere eit bestillingsverk kor berre serieformatet og skaparen var definert. Nokon av filmane til Woody Allen verkar også å vere noko midt på treet, men framstår meir som produkt han sjølv har ønsket å lage enn denne serien. Dette er berre rein spekulasjon og innbilling frå min ståstad, men uansett var det tankar som prega meg når eg såg serien.

Har du Amazon Prime skadar det ikkje å sjå denne. Men så sant du ikkje er Woody Allen-fan, så er ikkje Crisis in Six Scenes åleine verdt eit medlemskap.