
Curb Your Enthusiasm
Curb Your Enthusiasm av Larry David er ei perle av ein serie. Fyren har plassert seg sjølv i hovudrolla, og har eit blanda apparat av ekte og oppdikta personar rundt seg.
Hovudsaka er at dette kjennest som både eit innblikk i hans liv, snodigaste sider og situasjonar. Samtidig som at det er utprega fiksjon.
Eg må innrømme at eg ikkje var den største fanen i byrjinga. Det tok meg eit par forsøk før eg i det heile gav serien ein vidare sjanse utover å sjå første sesong.
Etter kvar tar serien seg sterkare og sterkare opp, og finn sitt format og ei form for oppbygging av episodar som går igjen. Dette minnar meg om Seinfeld som også blei perfeksjonert over tid, og kor episodane til slutt hadde ei oppbygging som fungerte utmerka.
Når eg i skrivande stund er ferdig med tiande sesong, som førebels er den siste, kunne eg godt tenke meg å sjå meir.
Tiande sesong har òg mykje liv i seg etter vurderinga til Josh Edelglass (joshuaedelglass.com). Han finn ikkje den same presisjonen som i dei beste sesongane, men rosar særleg Larry David sin hemngjerrige kafé og Jon Hamm si etterlikning av han. Det passar med grunnen til at eg har blitt verande. Serien har funne eit format der små irritasjonar kan vekse til store prosjekt og gi mykje komikk.
