Cursed har vore snakka om ein del i forkant av lansering, men eg har ikkje hengt med på kva som har blitt sagt. Eg har fått nyst om at mottakinga ikkje har vore den beste, men ikkje lese noko om kvifor.
Serien blei ferieserien for sommaren 2020, og blei sett over to veker på iPad og TV i hytter og hus. Og trass i varierande skjermstorleik og lydkvalitet på ulike flater, så mista eg ikkje tråden eller interessa for serien undervegs. Tidlegare erfaring har vore at ein dårleg serie ikkje hadde klart å oppnå god flyt dersom sett på denne måten. Ergo er Cursed absolutt ein godkjent serie.
Det skal seiast eg ikkje hadde nokon forventingar heller. Eg var villig til å ta serien for det han var. Og eg kjente heller ikkje til kva han skulle handle om. Eg var open for at dette kunne ta mange retningar.
Litt sakte kunne det gå undervegs, men stort sett så gjekk dette nok framover til at det holdt mål. Universet som serien skapar verkar også lite, men stort nok til å fortelje historia sitt på greitt vis. For å komme seg oppover til neste nivå på rangeringa treng derimot serien å utvide universet sitt og verke meir omfattande. Det er enkelt å dra Game of Thrones-samanlikninga, då det er ein velkjent serie, men der virka verda langt større. Gjerne på grunn av at mykje av livet som blei formidla blei tatt for gitt, og ikkje forklart. Då kunne fantasien vere med på å utvide universet for meg.
Eg kan ikkje nødvendigvis anbefale Cursed. Og av fantasiseriar så vil eg plassere The Witcher frå 2019 over denne. Men er du altoppslukande frå denne sjangeren, og ikkje har noko i mot at det heile er litt av det enkle slaget, så går serien greitt unna.