
Cyberpunk: Edgerunners
Cyberpunk: Edgerunners er ein japansk anime, basert på spelet Cyberpunk 2077. Som eg aldri har spelt, men det gjer ingenting.
Handlinga er satt til ei framtid der kroppen i større grad er kopla til teknologien. Utskifting av kroppsdeler med teknologi er ikkje uvanleg.
Me følger David, ein lite velståande ungdom som får hendene sine på kraftig teknologi, og blir trekt inn i nye miljø som følger.
Cyberpunk: Edgerunners har verkeleg ei fargerik og spesiell historie, der ting skjer fort, tida hoppar og skaparane ikkje skyr store endringar. Det gjer serien både interessant å følge med på, men også litt vanskeleg å involvere kjenslene sine i. Kanskje det ikkje er poenget, men eg kjem ikkje nok under huda på karakterane til å bry meg i lengda. Det er neste i blant, men aldri fullt ut.
Den raske utviklinga verkar annleis på James Lambert på The Reviewing Floor (thereviewingfloor.wordpress.com). Han meiner dei ti episodane gjer overgangen frå fellesskap til tragedie til eit hardt slag, og blir sterkt rørt av karakterane. Me deler begeistringa for animasjonen og universet, men eg får ikkje den same nærleiken til menneska. For meg skjer endringane før eg heilt rekk å bli knytt til dei.
Kva anna kan eg seie? Animasjonen er rå. Ideane det er bygd på er flotte. Universet her er spennande. Men sjølv om det ikkje er meir enn ti episodar, så blir det litt for langt for meg.
