Hopp til hovedinnhold
Plakat for Dag (2010)

Dag

Serie
4

I byrjinga var Dag blant det beste norske av serie eg hadde sett. Dei to siste sesongane viste seg å vere mindre gode, då han mangla ein del av den lette, misantropiske komedien. Og har erstatta det med eit meir gjennomtrengande og negativt menneskesyn.

Etter fire sesongar over fem år med Dag, kan eg oppsummere heile serien med dette korte avsnittet. Heile vegen har serien bestått av store ord og forklaringar på personlege problem som ikkje heng på greip, men som manusforfattarane sannsynlegvis er stolte av og få sagt.

Det at den friske komedien frå byrjinga av etter kvart falmar gjer at denne trongen til å formidle løysingar på verdsproblem blir synlegare. All komedie er heldigvis ikkje borte, så på sett og vis er ikkje Dag utelukkande ein negativ serie mot slutten, men like fullt ein serie eg er glad for å bli ferdig med.

Eg vurderer serien som god, basert på den første og beste perioden, som eg anbefaler å sjå. Men eg anbefaler også å gi opp cirka halvveges.

Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no) vurderer den fjerde sesongen heilt annleis. Han meiner serien finn ein betre samanheng, held humoren oppe og får ei god avrunding. Der han ser eit lysare preg og ei vellukka utvikling, opplever eg at det friske frå byrjinga har vike for eit meir tyngande menneskesyn. Me kan glede oss over dei same sære folka utan å få det same ut av retninga dei tek.