
Dawson's Creek
Eg hadde alt klart om kva eg skulle skrive her, men det var før eg så dei nest siste to episodane og den doble sesongfinalen. Uansett er det tåpeleg å starte ved slutten, så la meg vurdere serien frå starten av.
Ungdommane her er i overkant velartikulerte og oppfører seg for vakse for alderen. Sett bort frå det samlar serien intelligente meiningar og dumme avgjersler. Alt kjem frå dei same folka. Ikkje akkurat det mest trulege scenarioet frå mitt synspunkt. Men det er likevel denne måten å behandle dramaet på som tar merksemda mi, og gjorde meg interessert i å halde fram serien etter å ha sett pilotepisoden.
Etter kvart får altfor mange av hendingane meg til å riste irritert på hovudet. Eg vil riste vekk hjernecellene som har plukka opp det som nettopp skjedde. Likevel fengsla utviklinga av rollefigurane meg så mykje at eg blei hekta. Ironisk nok. Sånn er det med denne type tenåringsdrama. Eg blir hekta.
Dawson's Creek er ei suppe av teite ungdommar. Dei er meir vaksne og ansvarsfulle enn foreldra sine, men kan samtidig vere dummare og gjere større feil enn eit barn i barnehagen. Dei kan innsjå det vanskelegaste og fortrenge det enkle. Av og til balanserer serien på grensa til å irritere livet av meg eller servere meg skikkeleg flaue situasjonar.
Spørsmålet blir då kvifor eg likar serien. For det gjer eg. Skal eg prøve å seie det enkelt blir det noko som at Dawson's Creek tek opp store spørsmål på ein god og tydeleg måte som ikkje prøver å skjule noko og som, viss du aksepterer denne ofte unaturlege enkelheita, er veldig effektiv.
Den vaksne ordbruken er også noko Ryan Keefer på DVD Talk (dvdtalk.com) finn både morosamt og interessant i omtalen av heile serien. Han meiner dei tidlege historiene var sterkare forankra i kjenslene enn fleire av dei seinare, meir lettvinte situasjonane. Det er ei innvending eg kjenner meg igjen i. Eg kan irritere meg over mykje av det ungdommane gjer, men samtalane og tilknytinga til figurane får meg likevel til å halde fram.
Eg kan seie mykje om den religiøse delen av serien, om moralen til serien og dårleg skodespel. Spesielt Katie Holmes er det innimellom vondt å sjå på. Men det blir med dette, du anar nok at det alt går mot det negative. Når eg har komme så langt som til fjerde sesong er ikkje lengre dårleg skodespel det eg bryr meg mest med, folka har danna eit grunnlag for lengst, og er som dei alltid har vore i serien, middels.
Utover serien og etter kvart som karakterane blir eldre, så utviklar ting seg. Noko eg set høgt er når det i femte sesong blir fokus på utviklinga til filmkarriera til Dawson Leery. Det er inspirerande å følge med på filminga av studentfilmen, miljøet på filmskulen og heile den pakka.
Mi heilskaplege meining om serien er at han kunne ha vore kutta ned til kanskje halvparten av sesongane. På ei anna side har serien gitt meir enn nok tid til å bli kjent med karakterane på ein slik måte at serien har skapt inntrykk hjå meg i 2006. Å sjå dei avsluttande episodane frå den vanlege tidsepoken og den doble sesongfinalen som går føre seg i fem år etter er vemodig, men på ei anna side greit å få overstått.
Tolk meg ikkje feil, hadde eg mislikt serien så hadde eg forkasta han tidleg, og aldri sett han ferdig. Men å bli ferdig med ein serie som over lengre tid har vore ein serie å komme tilbake til når ingenting anna har venta, det merkast.
Er du som meg glad i tenåringssåpe, så er dette serien for deg!
