Hopp til hovedinnhold
Plakat for De Utvalda (2020)

De Utvalda

Serie
2

Denne svenske serien handlar om ei gruppe jenter som vaknar opp i eit stort hus. Dei er låste inne, og dei veit ikkje kvifor. Så dukkar ein beskjed opp på ein skjerm. Eit virusutbrot herjar på utsida, og dei er valde ut til å hjelpe med å skape ein vaksine.

Det skjer fort ei deling av jentene i to grupper. Ei som består av dei som trur på beskjeden, eller blir pressa av den sterke stemma som trur. Og ei som består av dei som vil finne ut sjølv om det er sant. Sånt blir det konfliktar av.

For meg er det eit eller anna som ikkje klikkar heilt med De utvalda. Eg har sett liknande før, men eg trur ikkje det er saka. Det er kanskje fordi det er for enkelt, samtidig som skodespelarane ikkje overbeviser som truverdige i dei eindimensjonale rollane. Serien fangar ikkje alvoret godt nok heller. Slik som med nokon av dei skeptiske jentene, så trur ikkje eg på situasjonen. Eg kunne gjerne blitt forsøkt meir overbevist.

Ei heilt anna lesing finn eg hjå Nordic Fantasy (nordicfantasy.wordpress.com). Skribenten ser huset og beskjedane på skjermen som eit bilete på sosiale medium og manipulasjon, og meiner manus er godt tilpassa unge sjåarar. Eg blir ikkje like overtydd av karakterane og situasjonen. Men denne tolkinga gir ei forklaring på kvifor den enkle ramma kan opplevast som meir gjennomtenkt enn ho gjorde for meg.

De utvalda har ein kort første sesong, så det rekk ikkje å bli langdrygt. Og med det kan eg la meg underhalde akkurat lenge nok til ikkje å bli lei.