De Utvalda - Filmdagbok

De Utvalda 2020

Denne svenske serien handlar om ei gruppe jenter som vaknar opp i eit stort hus. Dei er låst inne, og dei veit ikkje kvifor. Så dukkar ein beskjed opp på ein skjerm. Eit virusutbrot herjar på utsida, og dei er valt ut til å hjelpe med å skape ein vaksine.

Det skjer fort ei deling av jentene i to grupper. Ei som består av dei som trur på beskjeden, eller blir pressa av den sterke stemma som trur. Og ei som betår av dei som vil finne ut sjølv om det er sant. Sånt blir det konfliktar av.

For meg er det eit eller anna som ikkje klikkar heilt med De utvalda. Eg har sett liknande før, men eg trur ikkje det er saken. Det er kanskje fordi det er for enkelt, samtidig som skodespelarane ikkje overbeviser som truverdige i dei eindimensjonale rollane. Serien fangar ikkje alvoret godt nok heller. Slik som med nokon av dei skeptiske jentene, så trur ikkje eg på situasjonen. Eg kunne gjerne blitt forsøkt meir overbevist.

De utvalda har ein kort første sesong, så det er ikkje som det dryg. Og med det kan eg la meg underhalde akkurat lenge nok til ikkje å bli lei.