Omsider så fekk eg sett den populære og avslutta westernserien til HBO. Deadwood er forutan å vere namnet på serien, ein lovlaus gullgravarleir på indianarland.
I mellom kampane om ressursane, som betyr verdiane i gull, kjempar fleire av innbyggjarane i byen Deadwood med sine eigne indre demonar. Det er ikkje snakk om ånder og slikt, men minner og påverknadar som ei hard fortid har sett sine spor av.
Blant horer, mørk alkohol, møkkete gater og stridar som ikkje kan løysast utan vald finst det små håp i eit nydeleg gjengitt 1800-talssamfunn. Nydeleg betyr realistisk, og realistisk betyr tru til røynda.
Eg kjem ikkje unna at Deadwood er ein krevjande serie. Plusset er at det blir vanvittig bra om du får med deg alt som skjer og raskt koplar det saman. Minuset er at du lett kan falle av lasset.
Eg heldt meg godt på hesten, men brukte lengre tid enn gjennomsnittleg samanlikna med andre seriar på å sjå Deadwood ferdig. Eg kom ikkje så godt inn i serien som eg gjerne skulle, og føler ikkje for å skryte hemningslaust av han. I blant verkar han å stå litt stille.
Ein del av dette kjem av mangelen på underteksting i starten, noko som gjorde serien krevjande. Men etter ein pause mellom første og andre sesong, når eg henta serien fram igjen og fekk halde fram med underteksting til hjelp, så løfta serien seg i lys av mi forståing til å bli ein bra serie.