Hopp til hovedinnhold
Plakat for Death Note: Desu nôto (2006)

Death Note: Desu nôto

Serie
3

Etter ein intelligent og kynisk high school-elev byrjar å reinse verda for vondskap ved hjelp av ei magisk notisblokk som kan drepe alle viss namn blir nedskrive, må internasjonale styresmakter tilkalle ein mystisk detektiv kjent som L for å løyse problemet.

Death Note: Desu nôto har nokon interessante problemstillingar. Om du kan drepe vonde folk, utan at nokon veit kven du er, og dette då ikkje får konsekvensar for deg, kva gjer du?

Sjølvsagt er det feil. Me har rettsapparat som skal dømme. Me har lover som skal vere grunnlaget. Og ettersom individet, og liv til det, er ein grunnpilar i eit fritt samfunn, må vonde handlingar vere kriminelle, og kriminalitet må bli bevist.

Men forutan den diskutable sida av denne animeen, så er det ei spennande jakt, sjølv om det ikkje er nok til å gjere heile 26 episodar interessante.

I omtalen av animeserien på Parka Blogs (parkablogs.com) er Teoh Yi Chie særleg oppteken av den psykologiske kampen. Han meiner presset og forsøka på å føresjå neste trekk held spenninga oppe gjennom serien. Eg ser også verdien i denne jakta, men opplever ikkje at han ber interessa like godt heile vegen. Det interessante utgangspunktet og spelet mellom motstandarane gir mykje, utan at alle episodane blir like nødvendige for meg.