Derek - Filmdagbok

Derek 2013

Sjølv om eg har fått meir sansen for komedie av og med Ricky Gervais dei siste åra, slår ikkje Derek heilt an hjå meg. Den liksomdokumentariske stilen som han har på sine britiske seriar er for tona ned. Han er ikkje dårleg denne lure humoren, men likevel.

For å ta det gode med serien, så er det ein del artige karakterar her. Inkludert Derek spelt av Ricky Gervais. Her treff serien godt, og har også hjarte til å behandle karakterane godt. Eg sit aldri med eit ubehag, som kunne ha komme om det vart rakka ned på spesielle eigenskapar.

For å ta det andre poenget eg ikkje har helt sansen for, så er det at det skjer litt lite. Det treng ikkje alltid å vere eit minus, men det daglegdagse og dei små hendingane her blir i blant meir realistiske enn humoristiske.