Hopp til hovedinnhold
Plakat for Dexter: New Blood (2021)

Dexter: New Blood

Serie
3

Dexter: New Blood startar litt sløvt. Kanskje det er med vilje, for å vise at Dexter i sitt nye liv som Jim Lindsay ikkje er like skarp som han har vore før. Kanskje det har med minnet om Dexter som ein veldig god serie å gjere, og at forventningane var for høge. Men det tek litt tid før delar som karakterar, humor og historie sit.

Men derifrå og ut så bygg serien seg gradvis opp til eit høgt nivå. Det er vanskeleg å sette karakter på ein sesong eller serie som dette. Eg samanliknar med kjensla eg sit igjen med å ha hatt av Dexter på topp.

Oppbygginga blir òg trekt fram av Josh Bate på The HoloFiles (theholofiles.com). Han meiner serien får meir fart kring midten, og at forholdet mellom Dexter og sonen er ryggrada i sesongen. Avslutninga er han meir kritisk til. Eg kjenner att den gradvise stigninga, som gjer at ein litt sløv start ikkje avgjer heile opplevinga.

Dexter: New Blood held fram historia der Dexter avslutta i 2013. Og det er omtrent så lenge sidan eg såg den serien. Utan ei oppfrisking var det nokre få koplingar eg merka at eg kunne ha fått meir ut av, men alt i alt så var det høgdepunkta og lite detaljar som blei vidareført.

Eit av poenga er at Dexter Morgan er litt rusten og slurvete, og dette kjem best fram om du hugsar og veit at han var dyktig. Slik sett er det nok best å ha sett iallfall noko av Dexter for å merke nyansane som krydrar Dexter: New Blood.