Hopp til hovedinnhold
Plakat for Difficult People (2015)

Difficult People

Serie
3

Difficult People er ein komiserie frå Hulu. I andre samanhengar enn det å sjå denne serien fortløpande ville han sannsynlegvis ikkje nådd opp. Til det har ikkje serien gode nok vitsar, eller ofte nok gode poeng. Men å tråle seg gjennom dette på eit par dagar var innanfor.

Eg var usikker på Difficult People. Inntrykket mitt av serien basert på utanforståande observasjon, som bilde og litt tekst her og der, gjorde at eg så ein trailer før eg bestemte meg for å sjå serien. Her blir dei to sentrale karakterane i serien framstilt som konstant irriterte og ubehagelege folk, og det skuffa meg at dei ikkje var så dryge i serien. Dei snakkar om at dei er det, men dei er ikkje slik.

Med andre ord er serien ikkje så fargerik som han burde vere. Eg vel å plassere denne midt på treet. Hadde berre serien levd opp til det han sel seg som, og prøver å vere, så hadde eg lett likt han.

Den spydige tonen fungerer langt betre for Ken Levine på By Ken Levine (kenlevine.blogspot.com). Han likar at bitterheita til hovudparet får følger for dei sjølve, og rosar både dei komiske replikkane og forsøka på å bygge ordentlege historier. Han meiner rett nok at ikkje alle vitsane treff. Eg saknar meir brodd og fleire gode poeng, så det han finn særmerkt, blir for meg oftare nokså middels.