Difficult People er ein komiserie frå Hulu. I andre samanhengar enn det å sjå denne serien fortløpande ville han sannsynlegvis ikkje nådd opp. Til det har ikkje serien gode nok vitsar, eller ofte nok gode poeng. Men å tråle seg gjennom dette på eit par dagar var innanfor.
Eg var usikker på Difficult People. Inntrykket mitt av serien basert på utanforståande observasjon, som bilde og litt tekst her og der, gjorde at eg så ein trailer før eg bestemte meg for å sjå serien. Her blir dei to sentrale karakterane i serien framstilt som konstant irriterte og ubehagelege folk, og det skuffa meg at dei ikkje var så dryge i serien. Dei snakkar om at dei er det, men dei er ikkje slik.
Med andre ord er serien ikkje så fargerik som han burde vere. Eg vel å plassere denne midt på treet. Hadde berre serien levd opp til det han sel seg som, og prøver å vere, så hadde eg lett likt han.