Divorce er ein serie om skilsmisse med Sarah Jessica Parker og Thomas Haden Church. Han har gått i tre sesongar på HBO før han blei avslutta i 2019.
Det handlar om eit ektepar som går kvar sine vegar etter å ha vore gift i mange år. Dei har to barn i lag, som begge har blitt ungdommar. Sjølv om dei vel å skilje seg, så forsvinn dei ikkje ut av liva til kvarandre. Dei har felles plattformer i form av både barna, lokalmiljøet og andre ting.
Divorce som heilskap tar oss med gjennom det heile. Frå dei vel å skilje seg, til korleis dei håndterer skilsmissa, og til dei kjem på godt fot igjen. Det er ein serie utan dei største høgdpunkta eller nedturane. Karakterane er det mest interessante, og eg set stor pris på kombinasjonen som Sarah Jessica Parker og Thomas Haden Church utgjer.
Det går relativt fort unna å sjå Divorce. Og det at serien rundar av allereie etter tre sesongar er eit stort pluss. Tre sesongar er nok for serien til å gi seg på topp, men samtidig ikkje for tidleg.
Det er vanskeleg å finne noko bestemt ved serien som skal ha det til at dette er ein serie å velje framfor så mange andre. Det er eit stort utval med seriar om dagen. Men eg tykkjer framleis at HBO er eit kvalitetsstempel, og sjølv dei passe gode seriane deira er verdt å velje framfor passe gode seriar frå mange andre.
Har du sansen for komedie, drama, HBO, Sarah Jessica Parker og Thomas Haden Church, så er Divorce eit trygt val.