Doctor Thorne er ein serie laga av Julian Fellowes, og er basert på ei bok av Anthony Trollope. Historia er lagt til England på 1800-talet, og handlar om rikdom, kjærleik, intriger, familie og meir.
To unge personar er forelska i kvarandre, men blir hindra av foreldra hans på grunn av status og pengar å gifte seg. Gangen til serien byr ikkje på dei store overraskingane, og det går fort å forstå kva som vil skje, men det er ei godt utført fire episodar lang hending likevel.
Det som gjer Doctor Thorne fornøyeleg er ein kombinasjon av fleire ting. Det skjer mykje, og det er laga med eit auge for detaljar. Gode skodespelarar spelar interessante roller, som du genuint blir interessert i og ikkje minst klarer å skilje frå kvarandre. Det er også ein snev av humor, så alt som skal til for å engasjere seg er her.
På grunn av den korte lengda har eg i bakhovudet frå starten av at dette vil bli avslutta. Det forsterkar inntrykket og tanken om at den korte tida fram til slutten vil bli brukt til relevante innslag og trådar som blir samla. Eg har framleis Downton Abbey, ein annan Julian Fellowes-serie, friskt i minne. Heilt klart ein annan type serie med eit anna formål, men like fullt ein som etter min meining drog ut i tid utan visse om serien skulle få ei fornuftig avslutting.
Likar du Jane Austen, filmar og sånt som Julian Fellowes har skrive manus til eller generelt sett andre britiske saker sett til 1800-talet, så gjer du ikkje feil om du ser Anthony Trollope-verket Doctor Thorne.