
Doll & Em
Doll & Em er ein etterlikna ekte serie om to venninner i Los Angeles. Emily som den suksessfulle skodespelaren og Dolly som venninna frå Storbritannia som kjem på besøk for ein lengre periode.
Desse to har sine opp- og nedturar i vennskapen i løpet av dei hittil to sesongane av serien. I tillegg handlar serien litt om det profesjonelle livet deira, og forholdet til andre venner, familie og sånt.
Serien startar i grunn greit, og eg klarer å halde meg passe interessert. Det er først i andre sesong at det går sopass nedover at eg kjedar meg. Her viser serien at han har lite å spele på, at verken karakterar eller handling er interessant nok.
Chloe Schama finn langt meir å hente i andre sesong på ELLE (elle.com.au). Ho meiner serien fangar eit nært vennskap nettopp ved å la misunning, ubehag og dårlege sider få bli verande mellom personane. Det er ein interessant motsetnad til mi oppleving. Eg treng ikkje at venninnene skal vere særleg tiltalande, men her blir heller ikkje spenningane mellom dei interessante nok til å halde på meg.
Det går kanskje på mi interesse for personane og stilen, men poenget er uansett at eg ikkje er så stor fan av dette til slutt.
