Don't Trust the B---- in Apartment 23 - Filmdagbok

Don't Trust the B---- in Apartment 23 2012

Forutan James Van Der Beek i rolla som James Van Der Beek, så har ikkje Don't Trust the B---- in Apartment 23 stort meir å gå på enn å vere ein middels god komiserie.

Det handlar om June (Dreama Walker), ei ung kvinne som kjem til New York med store planar, men endar opp utan jobb og å måt dele leilegheit med ei sprø jente. Chloe (Krysten Ritter) er den sprø jenta. Ho har moral som ein pirat og er ei skikkeleg festjente. Med andre ord er Chloe ein interessant karakter, og akkurat passe uføreseieleg til å holde koken i dei to sesongane til serien.

I tillegg er Chloe venn med James Van Der Beek, som i serien alltid er ute etter meir nerkjenning, gjerne på rekning av andre. Men som bryr seg akkurat nok om andre innimellom til at han også blir ei blanding av ein interessant og tåpeleg karakter i lengda.

Resten av persongalleriet er sånn akkurat passe. Mange stereotypar og grei fyllmasse i det korte løp. Handlingsforløpet i episodane er greitt, med ein og annan episode som er skikkeleg god. Det blir ikkje for mykje latter undervegs, mest humring. Som sagt innleiingsvis, det er i grunn ein middels god komiserie, med enkelte element på toppen som gjer det passe sjåverdig.