
Draumen om eit småbruk
Dette er ein roleg og fin NRK-serie om eit ektepar med ungar som har flytta frå Bergen by til eit småbruk på Stord. Dei lyt pusse opp alt og har planar om å drive økologisk og etter kvart økonomisk.
Tre sesongar har rulla over skjermen, og me har blitt tatt med gjennom reisa frå utfordringane i starten til meir kontroll og betre drift på sikt. Det er ein serie utan dei største opp- og nedturane for sjåaren, og er mest interessant å sjå på grunn av pågangsmotet og gleda til dei som er med.
Pågangsmotet er òg det som vinn over Kjersti Gulli (kjerstigulli.blogg.no). I omtalen av den andre sesongen rosar ho familien for å lære av motgangen og glede seg over små augneblink. Samstundes saknar ho ei forklaring på økonomien bak alle innkjøpa. Det er ei rimeleg innvending dersom serien skal inspirere andre til det same. For meg er det likevel menneska og gleda deira som gjer dette fint å følge.
