
Drifters
Den britiske komiserien Drifters handlar om tre venninner i midten av tjueåra. Dei har nyleg gjort seg ferdig med ei utdanning, og står på terskelen til å bli vaksen.
Dette er tre morosame kvinner, og Drifters er ein lett og ledig komedie med nokon gode poeng. Serien toppar seg nok aldri, men held eit greitt nivå. Moglegvis med ein litt svakare tredje og fjerde sesong. Årsaka er at me då har opplevd overgangen frå studium til arbeidsliv så lenge at situasjonen blir drege litt ut.
Omtalen til Time Out (timeout.com) er meir avventande til starten. Etter dei to første episodane meiner skribenten karakterane er nokså skisseaktige og fleire vitsar for enkle, men rosar energien og ser potensial i den andre episoden. Eg blir meir nøgd med den lette komedien, utan at han nokon gong blir ein stor favoritt. Når overgangsfasen varer for lenge, blir det òg vanskelegare å halde situasjonane friske.
Drifters er ikkje den første serien eg vil anbefale, men er blant nokre komiseriar frå Channel 4 som er lett tilgjengeleg å byrje på. Det er òg ein kort serie med det vanlege britiske opplegget på seks episodar per sesong.
