Hopp til hovedinnhold
Plakat for DumbLand (2002)

DumbLand

Serie
2

Så over til noko heilt anna. DumbLand ser ut som det er teikna i Microsoft Windows Paint, humoren passar nivået, men er på ei anna side brutal.

Over åtte korte episodar møter me ein prompeglad, brautande mann med daglegdagse problem. Han må stri med maur i huset, passe på den tilbakeståande onkelen sin, få bank av tanta og kjefte ut kona. Alle episodane blei i si tid lanserte via nettsidene til David Lynch.

Alt med DumbLand er enkelt: Oppbygginga, poenga, animasjonen og humoren. David Lynch har eigne idear om det teikna formatet som eg ikkje går inn på her. Det får vere sagt i tilfelle DumbLand har ei djup meining. Eg vil jo heilgardere meg mot å ha kalla dette utelukkande simpelt.

Den brutale enkelheita gir lite att for Tan The Man på Blogcritics (blogcritics.org). Han meiner den høglydte faren manglar eigenskapar som gjer han mogleg å like, og at den grove humoren sjeldan er morosam. Det er ei hardare vurdering enn den eg gir her, men ho peikar på noko sentralt. Når så mykje kviler på ein figur og hans mest primitive reaksjonar, må nettopp desse reaksjonane vere nok til å halde interessa oppe.